Description
Vossabia nyttar ville urter frå gardens store mangfald til denne milde, næringsrike og pleiande sjampoen. Me har handplukka og tørka kjerringrokk (min engelske urtelærars absolutte favoritt hår-urt), brennesle (veldig styrkande og rensande plante) og ryllik, som alle er gode urter for hår og hovudbotn: Kjerringrokk kan styrke håret, gjere det meir glansfullt og fjerna øverflødig feitt frå hår og hud. Ryllik stimulerar blodomløpet og er rensande. Nesle renser også håret og kan brukast ved håravfall, flass, eksem, kløe og psoriasis i hovudbotn (mykje tilbakemeldingar på desse plagene). Med jojobaolje, guarbønner og honning saman med urtene får håret beskyttelse og fuktigheit i tillegg.
Sjampoen har, for dei aller fleste, god balsameffekt, så ein treng ikkje ha det i tillegg (den er og veldig dryg i bruk). Det er guarbønner som gir balsameffekten (belgfrukt ofte spist i India), og som beskytter håret og samstundes gjer at det held på fukt og fleksibilitet. Eg opplever elles og at eg treng ikkje vaske håret så ofte som i tida før denne sjampoen. Før vaska eg håret dagleg, no går det fort 3-4 dagar mellom hårvaskene. Eg har sjølv farga mitt grå hår lyst, før farga eg meg mørk slik eg opprinneleg var, og det funker superfint med Vossabias urtesjampo på farga hår.
Urteuttrekket står for hovuddelen og tilsvarar i sluttproduktet ca 70% av sjampoen, og såpestoffa me brukar er (beklagar at det ikkje finst «normale folkelege» navn på desse) Mipa-Laureth Sulphate (så mild anionisk såpemiddel som man får med høgare oljeinnhald enn vanleg) og Cocamidopropyl Betaine (supermildt overflateaktivt såpestoff, laga av kokosolje, godkjent i øko. produksjon). Begge har ein høg grad av biologisk nedbrytbarhet. Desse må ikkje forvekslast med sulfata Sodium Laureth Sulfate (framstilt på svært forureinande måte blant anna) eller Sodium Lauryl Sulfate. Desse fins overhodet ikkje i vår sjampo. Det er heller ikkje nokon parabener i vår sjampo!
La håret ditt bli meir vitalt, glansfullt og sterkt med urter frå Vossabias naturenger!
Innhald: grunnvatn frå garden, uttrekk av kjerringrokk*, brennesle* og ryllik*, mild sulfat vegetabilsk råsåpe (INCI: MIPA-Laureth Sulfate, Cocamidopropyl Betaine), sukkertensid (INCI: Decyl glucoside + Cocamidopropyl Betain), jojobaolje**, guarmel frå guar-bønner, guargummi frå guartreet, honey moisturizer (INCI: Hydroxypropyltrimonium honey, Aqua, Sorbic Acid),phytokeratin plantebasert (INCI: Aqua, Hydrolysed Soy Protein, Hydrolysed Corn Protein, Hydrolysed Wheat Protein, Phenoxyethanol), benzyl alkohol konserveringmiddel, eterisk einerolje.
*= frå ville vekstar på garden
**= frå økologisk landbruk
P.S. vil du lese meir om kva som fins i sjampoar og forstå kva som gøymer seg bak dei latinske navna? Her er ei god oppsummering synest eg: https://www.lisaliseblog.com/2011/03/whats-in-shampoo-surfactant-guide.html













Reviews
There are no reviews yet.